torsdag 5. januar 2012

Fortid - notid - framtid


I det siste har eg grave meg litt ned i fortida, i mi eiga slekt på mor si side. Grunnen er nok at vi har tømt huset etter dei to yngste søstrene til mor. Dei er no komne på sjukeheim. Her låg det mange brev og bilete frå tidleg på 1900-talet. Desse har eg sett gjennom og fordelt dei med søsken og søskenborn.


Mor var nr.ti i ein søskenflokk på 12, seks gutar og seks jenter. Dei vaks opp på Nybø på nedre Sagstad i Meland.  Her ser vi alle jentene i "nasjonaldrakt" tatt 1945. Mor er nr.to frå høgre.

Her eit bilete etter gravferda til oldefar Martinus Fosse, smeden i "Krånæ". Han hadde ei stor slekt etter seg. Her ser vi mange av borneborna hans.


Mange av slektningane mine var flinke med handarbeid. Her eit gamalt bunadsforklede.


Så var det kjekt å få med seg litt av dei gamle kjørla, som vi hugsa vi brukte.


Jammen fann eg eit brev frå mor til bestemor skrive i 1951 der eg hadde fått lov til å skriva namnet mitt med store bokstavar. Artig!
Elles må eg seia at det har vore veldig interessant å lesa brevvekslinga mellom søskena til mor.Dei skreiv så levande om kvardagen, om gleder og suter. Ein del av breva er frå dei " harde 30-åra". Dei eldste var i arbeid i Bergen og dei måtte nok hjelpa til med pengar til klede, sko og andre viktige ting til dei som var yngre. Rørande å sjå omsorga dei hadde for kvarandre. Eg sit att med gode kjensler av å høyra til i denne slekta som eg har så mange gode minne etter. Vi har godt av å sjå oss litt tilbake i tida av og til. Det kan gi oss nye perspektiv både på notida og framtida.
Men dette for vera nok om fortida i denne omgang.


Men eg trur eg greier å leva her og no og!
No vert dagane fylte med mange aktivitetar. I morgon skal eg laga eit bilete i ull , liknande dette.
Så vert det ny innspurt i NMS Gjenbruk og mange andre ting. Eg er heldig som får vera frisk og ha meiningsfulle ting å bruka tida til.


Til slutt vesle Jakob, ein av dei yngste på slektstreet. Han ser med optimisme framover i det nye året. Det håpar eg vi og kan gjera!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar