søndag 26. juni 2011

LITT ULL OG LITT BRUKT..

Det har ikkje vorte så mykje toving på meg i det siste.Men dei siste dagane har eg gjort ferdig nokre arbeid
som har lege og venta på meg ei stund. Denne "vasen" er laga av ein prøvelapp som eg tova på eit kurs i vinter.
Her er det merinoull og bomullsgas som er tova godt saman.
Detalj frå "vasen". Har laga ein struktur i stoffet ved å knyta fast knappar og perler.Desse vert "spretta" ut når tovinga er ferdig. Artig teknikk som eg gjerne vil prøva meg meir på. Eg kan og brodera litt på dette arbeidet.
Eit landskapsbilete tova av ull eg kjøpte på Orknøyane for nokre år sidan.

Detalj. Eg har brodert litt i framgrunnen på dette biletet.
Denne veska er laga i teknikken nuno-filt. Har tova merinoull og silke saman. Både ulla og silken har eg
vore med å farga på eit kurs for lenge sidan. No har eg endeleg laga hank og gjort ho ferdig til bruk.
Nett no er veska på veg til Kristiansand...
Så litt om salet vi har hatt dei to siste vekene på NMS-Gjenbruk i Knarvik.
Det har gått strålande. Mykje folk innom og godt sal og dermed meire pengar i kassen.
Varer forsvinn og nye varer kjem heile tida innatt. Vi har m.a.fått mange fine møblar , både skåp og sofagrupper.
Flott bokskap
Nydelege fat og gamle koppar.
Ein del av varene vert seld på "billeg-sal" også denne veka. Andre varer går til vanleg pris.
Velkomen innom!

søndag 19. juni 2011

"PÅ GJENGRODDE STIER"

I dag har systra mi og eg gått "nedre vegen om Skår".
Her er vi på veg ned "Kjerringa-kleiva"
Vi gjekk ned "Gunnarvegen" mot Totlandsvika.
Denne vegen gjekk vi alltid når vi skulle på butikken på Neset.
Nett her likte ikkje mor at vi gjekk. Vi burde helst gå ein omveg gjennom hagen til hyttefolka som budde rett ovanfor.
Her ligg nausta til Totlandsfolket på rekkje og rad i frodig sommareng.

Nedanfor har vi nett gått over bøen hjå "Jonsa-Larsen" og så
gjennom grinda inn til "Sellevoll-Larsen".


Så er vi komne på Neset. Her låg butikken i vår barndom. Her var sentrum i bygda. Meieriet, posten og telegrafen låg også her .
No er alle bygningane borte. Men huset til Einar på Neset står her som før. No ny oppussa.
Jammen fann vi  merke i muren der vi batt hestane fast. Vi vart litt nostalgiske av oss og minna frå "gamle dagar"
var mange.
Men så traff vi ein ung mann frå Tanzania som fekk oss tilbake til notida.Han var ute og selde bøker for å finansiera studiene sine på Filippinene. Og vi kunna prata med han på engelsk...
Jau, verda har forandra seg sidan vi gjekk på Neset og handla.

Så gjekk vi "Øvre vegen" heimatt...
Takk for turen!!

onsdag 15. juni 2011

SAL på NMS-gjenbruk Knarvik

Denne og neste veke er det SAL i bruktbutikken vår.
Som de vil sjå av bileta, har det vorte ganske fullt av alle slags varer i butikken no.
Difor vil vi setje ned prisen på dei fleste varene. desse to vekene.Mykje går til halv pris. Møblane sel vi med 30 % avslag.
Flott salong. Nesten som ny!!
Vi har veldig mykje fine kjørl og pyntegjenstandar.
Ein koseleg og godt brukt ryggsekk.
Nydelege koppar!
Mykje fin messing .
Alle bilete går til halv pris. Her er både malte og broderte bilete.
Fine skåler og glasfat ialle fasongar og storleikar.
Sjarmerande "gyngesau" og 100 år gamal kiste.
"Kom og kjøp oss då, vel..."

lørdag 11. juni 2011

MYRULL OG ULL.

I år har det vore veldig mykje myrull i og ved Lonene. Her går eg ofte på tur.
Eg har alltid vore fasinert av myrull og no har eg verkeleg nytt synet av denne flotte planten.
Her kjem nokre bilete som eg tok i forrige veke.
Det går ein fin grusveg rundt heile dette området.
Denne flotte naturen finn eg 5-10 minuttar frå huset mitt.
Irrgrøne grastustar lyser opp i kveldssola. Nydeleg!!

Då eg kom heim att , måtte eg sjølvsagt prøva meg på å laga myrull av saueull.
Har ikkje prøvd på å kopiera fotografia, men ynskte å få fram litt av stemningen ved Lonene denne kvelden.
I tillegg til tovinga, har eg brodert  litt i framgrunnen.