lørdag 28. mai 2011

Litt av kvart...

I forrige innlegg skreiv eg om eksperimentering med akvarellmaling. Her har eg sett  ramme på dei to bileta som eg likte best. Reknar med at eg kjem til å laga meir, for dette var moro!
Sjølv om det er vår og nesten sommar, så har det vore best å halda seg inne dei fleste dagane denne veka.
Då er det koseleg å ha ein hobby! Eg tok fram restekassen min med små og større tova bilete, bilete som av ein eller annan grunn vart mislukka. Desse kan eg klippa i og finna fargar og motiv som kan brukast på ein annan og ny måte.
Her har det vorte ein blome på blå bakgrunn. Denne limer eller syr eg fast
Fire mini-bilete som kanskje kan brukast i ei lita IKEA-ramme?
Vert finare med ein gong det kjem pasetpatour på i tillegg til ei svart IKEA-ramme. Limer på litt perler.
Men i går kom sola att. Då måtte eg ut å ta bilete av rododendroane mine. Nydeleg!
Så var eg på tur rundt Lonene og der fann eg desse fine myrull"blomane". Her ser vi litt av den nye kommoden min og..
Sjølvsagt kjøpt på NMS-gjenbruk!

torsdag 19. mai 2011

AKVARELLMALING!

Forrige veke var eg på akvarellkurs med Elin Alver. Ho er ein dyktig kunstnar som bur her i Knarvik og som er medlem i kunstlaget vårt i Nordhordland. Ho lagar flotte akvarellar der ho maler med sterke fargar tatt rett frå tuben, blandar med litt vatn og let det renna saman . Styrer prosessen ved å venda og snu på arket og fylle på med meir farge. Resultatet vert flott og spennande. Detaljane er ikkje viktig. Det er stemningen og lyset i biletet som er viktig.
Her let ho det renne slik at fargane blandar seg.
Då eg kom heimatt om ettermiddagen såg eg mange flotte "akvarellar" på himmelen.
Litt dyster stemning her.
Her er noko av det eg prøvde meg på. Eg er så glad i blå-grøne fargar.
Det må nok mykje øving til før eg vert fornøgd med mine produkt.
Men eg har lyst å mala meir på denne måten. Veldig moro og spennande.
Dei tunge skyene som var tidlegare på dagen for av garde med vinden, så då var det herleg med ein tur i skogen etter all malinga. Denne stien startar rett utanfor stovedøra mi.
Her har eg kome ned att til Lonene.
Ein flott dag med mange gode inntrykk både frå maling og naturen!

torsdag 5. mai 2011

NYTT FRÅ BRUKTBUTIKKEN!!

I det siste har vi fått inn ein del fine servise i Stavanger flint.
Her middagstallerkenar og suppeskåler i tillegg til fat og skåler.
Koppesett i retrostil (6stk)
Gamal parafinlampe malt gul.
Gamal kaffikvern også malt gul.
Vi har også fått inn ein del møblar, både skåp og ulike kommodar.
Bokskåp.
Vi får heile tida inn ein del fine broderte bilete.
Yndig bukett i duse, fine fargar sydd med bittesmå korssting.