tirsdag 31. januar 2012

STEINMURAR



Steingardar og steinmurar har alltid fasinert meg. Spelet mellom store og små steinar, runde og flate, mosegrodde og glatte steinar er spennande å sjå på. Det er eit kunstverk rett og slett!



I dag er eg på jakt etter murar langs Sjosidevegen, bygdevegen som bind saman gardane Gjervik, Grøttveit og Nepstad og som snor seg innover parallelt med E39. Trafikken susar og durar nede på hovudvegen, men her er det fredeleg. Nydeleg ver og mange flotte motiv.
Nedanfor ei flott kjørebru på ein av løene i Gjervik. Er nok ei stund sidan denne vart mura. Her er mykje grøn mose.


Litt bak løa finn eg denne utefloren i gråstein.


Muren under stovehuset har og fin steinmur. I bakgrunnen skimtar eg Osterøy.


Litt lenger inne langs vegen finn eg restane etter eit stort gråsteinsbygg.
Det må liggja eit stort og tungt arbeid bak desse veggane.


 Murar også på nedsida av vegen. Sola skin på mosegrodde steinar. Eit flott syn!


Utsikt over Osterfjorden og litt av E39


Dette var ein fin tur i solskinet!
Her er mykje meir både å sjå og skriva om langs denne vegen, så "fortsettelse følger"(trur eg...)

torsdag 19. januar 2012

Meir toving.


I går tova eg eit meir fargerikt bilde. Her er det våren eg har drøymt meg vekk i.
Eg har berre brukt merinoull i dette bildet, men har brukt silke og ulltrådar til effektar.


Heile motivet ferdig tova.
13-14. april skal eg ha tovekurs i regi av Nordhordland husflidslag i Hillesvåg (rett ved sida av Hillesvåg ullvarefabrikk. Der skal vi laga bilde som liknar på dette.(sjå og forrige innlegg) Difor vil eg visa litt her korleis eg går fram når eg tovar slike bilde. Kanskje nokon får lyst å vera med på kurset?


Eg legg først ut eit tynt lag med merinoull til bakgrunn. Denne legg eg på eit tynt "flak" med nålefilt.


Trea lagar eg for seg sjølv på eit stykke bobleplast. Jobbar litt med det før eg legg det på bakgrunnen.


Brukar tynne "trådar" av merinoull til dette. Prøver å spreia ulla slik at det vert mange greiner-


Eg klipper opp små silkestoffbitar og bittesmå ulltrådar som eg drysser utover til blad og blomar.


Når eg har lagt heile motivet på, dynkar eg arbeidet i varmt vatn. Eg har bobleplast både under og over bildet og "knekar" på det med hendene 10-15 min. Så rullar eg det rundt ein liten trestokk (tjukt som eit kosteskaft) i frå alle kantar i ein halv times tid, eller meir til all ulla sit skikkeleg fast. Dette var i grove trekk framgangsmåten. På kurset går vi fram steg for steg.


Detalj. Kvitveis.
Ta kontakt dersom du har lyst å vera med. Eg har alt fått nokre påmeldingar, så ikkje vent lenge før du bestemmer deg. (mob.95296782)

søndag 15. januar 2012

Skodde-inspirasjon...


Ikkje noko kjekt med dette gråveret og denne skodda vi lever i no om dagane. Men jammen kan det vera eit og anna spennande som dukkar opp inni skoddeheimen også.. 


Eg har latt meg inspirera til å laga nokre skoddestemningar. Ulla er eit godt middel i så måte, akkurat passe ullen...
Over har eg tova eit tredelt bilete. (ca 50cmx15cm)


Detaljar


Er det sauer eller steinar vi skimtar her??


Her trur eg sola prøver seg på å laga eit litt lysare pre.
Men utanfor mitt stoveglas har ho ikkje greidd å bryta gjennom enno..

Kanskje neste tovearbeid må verta meir fargerikt??
Trur det ville gjera seg!

torsdag 5. januar 2012

Fortid - notid - framtid


I det siste har eg grave meg litt ned i fortida, i mi eiga slekt på mor si side. Grunnen er nok at vi har tømt huset etter dei to yngste søstrene til mor. Dei er no komne på sjukeheim. Her låg det mange brev og bilete frå tidleg på 1900-talet. Desse har eg sett gjennom og fordelt dei med søsken og søskenborn.


Mor var nr.ti i ein søskenflokk på 12, seks gutar og seks jenter. Dei vaks opp på Nybø på nedre Sagstad i Meland.  Her ser vi alle jentene i "nasjonaldrakt" tatt 1945. Mor er nr.to frå høgre.

Her eit bilete etter gravferda til oldefar Martinus Fosse, smeden i "Krånæ". Han hadde ei stor slekt etter seg. Her ser vi mange av borneborna hans.


Mange av slektningane mine var flinke med handarbeid. Her eit gamalt bunadsforklede.


Så var det kjekt å få med seg litt av dei gamle kjørla, som vi hugsa vi brukte.


Jammen fann eg eit brev frå mor til bestemor skrive i 1951 der eg hadde fått lov til å skriva namnet mitt med store bokstavar. Artig!
Elles må eg seia at det har vore veldig interessant å lesa brevvekslinga mellom søskena til mor.Dei skreiv så levande om kvardagen, om gleder og suter. Ein del av breva er frå dei " harde 30-åra". Dei eldste var i arbeid i Bergen og dei måtte nok hjelpa til med pengar til klede, sko og andre viktige ting til dei som var yngre. Rørande å sjå omsorga dei hadde for kvarandre. Eg sit att med gode kjensler av å høyra til i denne slekta som eg har så mange gode minne etter. Vi har godt av å sjå oss litt tilbake i tida av og til. Det kan gi oss nye perspektiv både på notida og framtida.
Men dette for vera nok om fortida i denne omgang.


Men eg trur eg greier å leva her og no og!
No vert dagane fylte med mange aktivitetar. I morgon skal eg laga eit bilete i ull , liknande dette.
Så vert det ny innspurt i NMS Gjenbruk og mange andre ting. Eg er heldig som får vera frisk og ha meiningsfulle ting å bruka tida til.


Til slutt vesle Jakob, ein av dei yngste på slektstreet. Han ser med optimisme framover i det nye året. Det håpar eg vi og kan gjera!