tirsdag 20. september 2011

HAUSTSYSLER!

Det har vorte ein del toving i det siste. Ute regnar det og regnar det....  Då er det kjekt å ha ein hobby som eg kosar meg med inne. Motivet er tre i ulike fargar og fasongar. Desse første er litt dystre og trolske. Kanskje dei har vorte påverka av veret??
TROLSK STEMNING..
Her har eg lagt på ei "ramme". Trur det vert finare om eg kuttar ut litt av motivet før eg rammar det skikkeleg inn??
Men så titta sola fram ein dag. Då vart det sterke haustfargar på ulla..
Detalj. Kjem nok ikkje til å bruka heile biletet her heller når det skal innrammast. Får prøva meg fram litt.
Det har ikkje kome snø enno, heldigvis. Men hadde lyst å prøva meg på eit vinterbilete.
Detalj.
Haustbilete. Ei stund sidan eg laga dette. Biletet er seld.
Her dukka det første biletet opp att. Greier ikkje å fjerna det....
Men då får eg leggja til at biletet er no seld.
                                              

mandag 5. september 2011

TOVING!!

Endeleg har det vorte eit par dagar til toving. Hadde lyst til å jobba meir med dei nye teknikkane som eg lærde på kurset med Andrea Hunter i Kalvåg i sommar.  Dette biletet er laga i merinoull, veldig tynt lag og lite vatn i forhold til det eg har   gjort tidlegare. Her har eg nett tatt vatnet på og er klar til sjølve tovinga.
Trea arbeider eg litt med i bobleplasten før eg legg dei på biletet.
Ferdig. Skal ha ei svart ramme rundt.
Detalj.
Eg har jo laga ein del bilete med lyngmotiv. No måtte eg prøva det med den "tynne" teknikken. Ikkje sikker på kva som er finast.
Detalj.
Eg har fått nokre bestillingar på tova bilete. Kanskje eg kan bruka desse?