torsdag 28. april 2011

Inspirert av våren !

Våren har inspirert meg til å tova dette biletet i dag. Har brukt merinoull og silke.
Måsane og andre fuglar svingar seg i lufta.
Her har det alt vorte sommar!!
Må ta med nokre vårbilete frå Seim.
Flotte trestammar ved Seimsfjorden.
Nydelege jenter plukkar kvitveis med bestemor på Skår.
Det er ekstra stas med den første vårbuketten!

torsdag 21. april 2011

PÅSKE OG VÅRSTEMNING!

No er det vår!!
Det kjenner vi og det ser vi når vi er ute i naturen. Herleg!!
Biletet ovanfor er eit utsnitt frå eit vår-teppe som eg har tova. Her har eg brukt nålefilt, merinoull og silke.
For eit par dagar sidan fann vi dei første kvitveisane.
Biletet ,som er tova i merinoull, viser kvitveis i skogen.
Tova påskeegg er på plass i den tova "vasen"
PIP,PIP!!
Kyllingar høyrer og med i påskepynten.
Både den og kransen er tova i C1 ull.
Til slutt ein detalj frå eit tova bilete med påskemotiv.
Midt i all påskepynting og påskekos skal vi ikkje gløyma kvifor vi feirar påske.
Difor tar eg med dette biletet med korset i sentrum.
GOD PÅSKE!!

torsdag 14. april 2011

NYE VARER PÅ NMS GJENBRUK.

I går fekk vi inn eit fint trekvitt, rundt spisebord med seks stolar med blått trekk.
Her er eit flott furu framskap.
Vi fekk ein heil kartong med nydelege hekla, strikka og broderte dukar.
Her er både hardangersaum og broderte bilete.
Her skulle vera noko for ein kvar smak.
Velkomen innom!

lørdag 9. april 2011

SYSKRIN !

Eg har vorte den heldige eigar av eit flott gamalt syskrin. Kjøpte det på NMS Gjenbruk i Knarvik i går.
Skrinet har tre "etasjer", så no skal det verta "orden i sysakene" hjå meg.
Ikkje for det, eg har i grunnen ikkje så veldig mange sysaker, men eg har mange andre "saker" eg kan bruka det til.
Har vore litt usikker på kvar eg skulle plassera skrinet. Trur det må få stå i stova saman med ein del andre gamle ting og møblar.
Dette fine gamle bordet er også kjøpt på bruktbutikken.
Men denne tina fann eg som jente heime i løa på Skår. Eg gjorde den rein og dermed vart ho mi.

Dette skrinet har eg arva etter mor. Dei hadde brød i dette heime på Nybø på Frekhaug då ho var lita.
Eg er veldig glad for at det var eg som fekk overta skrinet.
Trur det får vera nok med gamle ting i stova mi no, men eg er veldig glad for at syskrinet vart mitt!!

onsdag 6. april 2011

Eksperimentering.

I går kveld hadde eg tovekurs for mine tidlegare kollegaer på Knarvik barneskule. Hadde lyst til å finna på noko nytt som eg kunne formidla vidare til deltakarane. Så sette eg i gang å tova ull rundt vasar, glas, lysestakar og lampar. Det vart rein eksperimentering. Men ideen har eg tatt frå andre. Her er litt av det eg laga:
IKEA lampe kledd med ull tova av nålefilt og med silke som dekor. Har klipt nokre hol slik at lyset kjem tydelegare fram
Vase laga på same måte som lampen, men her med rund form.
Fint med tulipanar i den grøne, tova blomsterpotta.
VÅRSTEMNING!!
Søt telysestake med ein bit frå ein gamal duk til dekor.
Desse telysestakane vart laga av deltakarar på kurset
Flinke elevar!!
Kursdeltakarane gjekk heim att med fine arbeid. Ein triveleg kveld!