fredag 14. oktober 2011

Nordhordland kunstlag opnar UTSTILLING i helga.

I morgon, laurdag, 15.oktobber kl 12, opnar Nordhordland kunstlag utstilling i Karins Galleri i Gjervika 7.
Det er leiar i kunstlaget, Karin Mjøs, som stiller med lokale til denne utstillinga. Dette har vore verkstaden til faren hennar. For 2-3 år sidan, pussa ho opp huset. I 1.etasje er det utstillings, kurs og møterom og i 2.etasje har ho atelieret sitt. Det er ti av medlemene som no stiller ut.
Huset ligg så og seia rett under brua i Gjervik. Når ein kjem frå Knarvik, kjem ein ganske snart til skiltet som det står Gjervik  på. Då tar ein av til venstre og tar så første veg ned til høgre. Her er det skilta ned til utstillingslokalet.
Her ser vi  gallereigaren, Karin Mjøs, i det trivelege lokalet.
Utsikt mot brua.
Vi har stilt ut 32 arbeid. Her er olje,akryl og akvarellmaleri og bilete i ull og vevd teppe!
Dei fleste bileta er til sals.
Utstillinga er open laurdag 15.okt. kl12-17og sundag 16.okt. kl 12-17
Laurdag 22.okt.kl12-17 og sundag 23.okt. kl.12-13

VELKOMEN INNOM!!

mandag 10. oktober 2011

TOVING AV BILETE

Dei siste dagane har eg gjort ferdig ein del bilete. Har fått ramma dei skikkeleg inn hjå fagfolk. Det vert litt dyrt, men bileta vert absolutt finare med fine rammer. Nokre av bileta her på sida ,skal eg ha med på utstillingen som Nordhordland kunstlag opnar laurdag 15. okt. kl 12 i Karins galleri i Gjervik. Her stiller medlemane med sine bilete. Velkomen innom!!
Trolsk stemning!
Denne villsauværen har de vel sett før. Trur ikkje den kjem på utstillinga.
Blømande tre.
Hauststemning.
Dette er eit mykje mindre bilete enn dei andre, berre25cm x25 cm. Lyngheimotiv.

onsdag 5. oktober 2011

Tekstilveke i Nms Gjenbruk , Knarvik

I ettermiddag har eg vore på NMS gjenbruk og stilt ut alle dei flotte tekstilane som vi har fått til butikken vår.
I morgon opnar vi som vanleg butikken kl 11 og då vil du finna mykje fint handarbeid, som no er til sals. Her vil eg visa nokre av dei tinga vi har stilt ut.
Putetrekk i hardangersaum og rund strikka duk.
Her finn du mange broderte gamle dukar.
Koseleg gamal kommode med brodert løpar og pose til lommetørkle..


Gardiner i ulike kvaliteter og fargar.

Mange løparar, både i korssting, hardangersaum og plattsaum. Vi har og quilta dukar.

TEKSTIVEKA varer til torsdag 13.okt.
I morgon torsdag 6.okt. kl 16-18, gir Else Liv Hagesøther tips om flekkfjerning og "husvask"
I tillegg til tekstilane er sjølvsagt alt det andre vi har i butikken også til sals.