tirsdag 30. august 2011

Bryllup i Batnfjorden

I helga var eg i bryllup til Ingebjørg (niese) og Martin. Her utanfor Øre kyrkje saman med brudepike Kaja.

Bryllupet vart feira i eit telt på tunet i prestegarden hjå foreldra til brura. Mykje jobbing torsdag og fredag. Her har vi ein matpause i solskinet.
No er vi klare til å dekka på borda til 85 gjestar.
Pynten var ei blanding av "arvegods" og gjenbruksting. Serviettane vart pynta med små, tynne serviettar frå Ingebjørg si serviettsamling frå barneåra. Så var det sjølvsagt  roser og lys.
Eg var så heldig at eg fekk laga brudepikebukettane. Vi bruka markblomar. Kaja var veldig fornøgd med buketten som likna på brudebuketten (som brura laga sjølv...)
God stemning på tunet etter kvart som gjestane dukka opp utover fredagen.
Må ha med dette biletet av Kaja i den fine brudepikekjolen .
Frå middagen i teltet.

Ei kjekk helg med eit  flott brudepar og mange hyggelege gjestar.

tirsdag 16. august 2011

Aktive og kjekke dagar!!

Som eg skreiv i forrige innlegg, måtte eg "fundera" på korleis eg skulle ramma inn bileta som eg tova på kurset i Kalvåg. Her har eg hengt opp nokre av bileta. Får sjå etter kvart om eg vil ha det slik..
Fredag fekk eg besøk av veninna mi, Mette, frå Stavanger. Laurdag drog vi til Seim for å sjå "Spelet om Håkon den gode". Det var ei flott oppleving å få med seg. Mange dyktige folk deltok.
Spelet starta ikkje før kl. 22, så det vart mørkt etter kvart. Men då kom den flotte lyssettinga til sin rett.
Sundag tok vi ein biltur til Modalen. Her er vi komne heilt opp til Steinsland. Høge fjell på alle kantar.

Steinslandstunet.
Etter ein god middag på Mobryggja, drog vi innom Britt og Nils Romarheim på heimturen. Koseleg!!


Mandag vart det regnver, så då tova vi. Mette hadde aldri tova før, men ho hadde godt "handalag" og med litt rettleiing frå meg, laga ho dette flotte sitjeunderlaget.

mandag 8. august 2011

Inspirerande helg!!

Denne helga har eg vore i Kalvåg i Bremanger på tovekurs. Tema var bilete i ull. Eg har jo laga ein del ullbilete dei siste åra og gått på ein del kurs. Dette var nok eit av dei mest lærerike for meg. Andrea Hunter frå England var læraren vår. Ho er ein kjend og dyktig tekstilkunstnar. Ho brukar berre merinoull i bileta sine.
Ovanfor ligg villsau-bukken min klar til toving
Her er mine produkt. La dei på det varme badegolvet til tørk då eg kom heimatt. Nokre av bileta vil eg ramma inn. Det har mykje å seia korleis det vert gjort, så no får eg "fundera" litt på det og laga fleire bilete i same teknikken. Men vert nok ikkje i dag. Kroppen treng ein liten pause, kjenner eg...
Myrull i vinden.
Stemorsblost.
Tre i blomst og vind




onsdag 3. august 2011

Sommar !

Det har ikkje vorte så mykje nytt på tovefronten i sommar.
Har vore mykje saman med familien, både små og store, gamle og unge. Det er jo ein fin måte å feriera på.
Så hadde eg niesa mi, Åslaug , heilt for meg sjølv nokre dagar og då sette vi i gang med å tova eit "lekkert" sjal i merinoull og silke.
Her ligg det klart til toving. Vi la ut ca 190cm.
Då det var ferdig målte det ca 150 cm.
Fornøgd med resultatet.
Vi brukte nokre timar på arbeidet. Det var godt med hjelp av Åslaug. Ho er så flink. Skulle budd litt nærare,så skulle vi ha samarbeidd meir!!
Her har vi bretta kanten litt ned oppe med halsen. Kanskje lagar vi nokre små hol oppe og.

Fredag reiser eg til Kalvåg på tovekurs med Andrea Hunter, ein  engelsk tovekunstnar som lagar mykje fint.
Reknar med å få ny inspirasjon der!!
God sommar vidare!!