fredag 2. desember 2011

ADVENT

 I dag har eg lyst å visa litt av det eg har pynta med til advent i år. Eg held meg berre til lilla/fiolett og kvitt når eg pyntar. Raudt, glitter og anna stas må venta til jul. Det meste eg har brukt no, er gamle ting eg har arva eller kjøpt på gjenbruksbutikken. I tillegg finn eg fram litt heimelaga ting, for meg vert det tova arbeid. Engelen ovanfor er laga av merinoull og silke. Far si gamle salmebok er og med.

Adventskrans må sjølvsagt vera med. Løparen har eg tova i norsk C1-ull.
Lyse"staken" til høgre er tova med merinoull og litt silke rundt eit vanleg drikkeglas. Har klipt litt i den for å sleppa ut lys frå telyset som er tent. Den runde brikka er tova i C1 ull.Den sjarmerande engelen "er ny av året". Den måtte eg berre kjøpa til meg sjølv i går.
Desse fine lilla og kvite hjartene er det ei dame i husflidslaget som har sydd. Vrihassel er fint å pynta med.
Eg likar å pynta med "sølv"fat. Den nydelege koppen fekk eg hjå tantene mine til jul då eg var 5-6 år.


                                                      Eg vil ynskja alle ei fin adventstid!