Adventskrans må sjølvsagt vera med. Løparen har eg tova i norsk C1-ull.
Lyse"staken" til høgre er tova med merinoull og litt silke rundt eit vanleg drikkeglas. Har klipt litt i den for å sleppa ut lys frå telyset som er tent. Den runde brikka er tova i C1 ull.Den sjarmerande engelen "er ny av året". Den måtte eg berre kjøpa til meg sjølv i går.
Desse fine lilla og kvite hjartene er det ei dame i husflidslaget som har sydd. Vrihassel er fint å pynta med.
Eg likar å pynta med "sølv"fat. Den nydelege koppen fekk eg hjå tantene mine til jul då eg var 5-6 år.
Eg vil ynskja alle ei fin adventstid!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar