torsdag 31. mars 2011

Påskeutstilling i NMS Gjenbruk.

Det er no to veker til palmehelga og i NMS Gjenbruk har vi funne fram alle "påsketinga" vi har fått.
Her er både påskeegg, påskekyllingar, høner og hanar i ulike materialer og storleikar.
Vi har fått inn eit flott servise i fargar som passar godt til påske. Men kan sjølvsagt brukast heile året.
Her er både middagsservise og te- og kaffikoppar.
Spisebordet er  blåmalt heil eik og har seks stolar.


Velkomen innom!!

tirsdag 29. mars 2011

Tovekurs

I helga hadde eg tovekurs i Hillesvåg. Tema var "Bilete i ull"
Åtte motiverte og flinke damer laga tre bilete kvar i løpet av helga. Det vart tova både landskap og blomar.
Har ikkje bilete av alt som vart laga, men her er nokre eksempel.
Her er det vår!

Her er det visst blåveisen som har kome fram.
Dei fleste vil nok arbeida litt meir med bileta heime. Nokre ville sy og t.d festa på perler.
( på rammene står mitt namn, men det er kursdeltakarane  som har laga bileta)

torsdag 24. mars 2011

Kreativ og inspirerande kveld.

I går kveld gjekk "Brukt på nytt" kvelden vår av stabelen i NMS Gjenbruk i Knarvik.
Det vart ein kjekk og inspirerande kveld. Det kom over 30 damer i alle aldrar og eg trur at alle gjekk inspirerte og fornøgde heimatt. Nokre med sjølvlaga ting og nokre med nye nyttige og annleise ting i posane sine.
På biletet ovanfor er det stettfat av fat og lysestakar/ulike glas som er laga etter opplæring av Liv.
Bjørg viste oss korleis vi kan laga fine fat, skåler og glas med dekopasje.
Vi kunne og mala messing-lysestakar, rammer og andre ting i nye fargar.
Kari viste kva vi kan laga av gamle handarbeid.Kjempefint!
Trur nok mange gjekk heim og leita etter gamlehandarbeid etter dette.
Liv hadde også laga artige lampeskjermar.
Else Liv og eg hadde laga ein del eksempel på korleis vi enkelt kan laga dekorasjonar og pynt i gamle blomsterpotter.
Også fint med pynt på brikker , fat og i koppar kombinert med lys.

Folk ville gjerne vera med på fleire slike kveldar.Det må vi nok satsa på.

tirsdag 22. mars 2011

"Brukt på nytt"

Det går veldig bra på bruktbutikken vår. Ja, vi har auka salet med ca 180 % samanlikna med i fjor på desse tider. Folk kjem med flotte varer til oss og folk kjøper. Kjempeflott!!
Onsdag 23.mars kl.18-21 inviterer vi til ein kreativ og inspirerande kveld i butikken vår. Då kjem tre flinke og kreative damer for å visa oss korleis vi kan bruka gamle og brukte ting på nye måtar. Trur det vert spennande og kjekt.
Vi har mange "Norgesglas" i butikken. Desse vert fine med t.d. sølvtøy oppi. Dei eignar seg også til lysestake/lykt. Vi har også mange flotte koppar. Dei kan brukast til meir enn å drikka av. Fint med tørka eller friske roser i.
Her er eit gamalt glassmykkeskrin og ei parfymeflaske. Her kan det t.d. vera fint med ei rose i. Fine hekla og broderte brikker og dukar har vi og.
Diverse kaffikanner kan og brukast til blomsterpotter eller vaser.
Vi har fat, vaser, glas, flasker, lysestakar og mykje meir som vi kan setje saman på nye måtar.
Her er og mange ting i messing som kan malast.

Dette vert moro! Eg skal leggje inn bilete frå kvelden. Trur det kan verta mykje artig.

mandag 7. mars 2011

NY UTSTILLING!

1.mars opna vi ny utstilling i Galleri Utsyn på Knarvik sjukeheim. Denne gongen skal salsinntekta gå til ny kyrkje i Knarvik. Alle kunstnarane har gitt arbeida til nye- kyrkja vår

Biletet ovanfor viser eit flott saueskinn med trykk. Det er Svanhild Tofting og Halvor Rostrup som har gitt oss dette.

Desse akrylmaleria er det soknepresten vår, Åge Palmesen som har laga.
Akvarell av Elin Alver
Eitt av mine tova bilete.

På denne veggen finn vi bilete/maleri av Åge Palmesen, Oddvar Fyllingsnes, Johnny Nordskag, Johannes Bjørsvik, Peder Leithaug og to av mine tova bilete.

Her er elles ein del handarbeidsting og foto. Mykje er alt seld.Men utstillinga vert ståande ut mars månad.