tirsdag 22. mars 2011

"Brukt på nytt"

Det går veldig bra på bruktbutikken vår. Ja, vi har auka salet med ca 180 % samanlikna med i fjor på desse tider. Folk kjem med flotte varer til oss og folk kjøper. Kjempeflott!!
Onsdag 23.mars kl.18-21 inviterer vi til ein kreativ og inspirerande kveld i butikken vår. Då kjem tre flinke og kreative damer for å visa oss korleis vi kan bruka gamle og brukte ting på nye måtar. Trur det vert spennande og kjekt.
Vi har mange "Norgesglas" i butikken. Desse vert fine med t.d. sølvtøy oppi. Dei eignar seg også til lysestake/lykt. Vi har også mange flotte koppar. Dei kan brukast til meir enn å drikka av. Fint med tørka eller friske roser i.
Her er eit gamalt glassmykkeskrin og ei parfymeflaske. Her kan det t.d. vera fint med ei rose i. Fine hekla og broderte brikker og dukar har vi og.
Diverse kaffikanner kan og brukast til blomsterpotter eller vaser.
Vi har fat, vaser, glas, flasker, lysestakar og mykje meir som vi kan setje saman på nye måtar.
Her er og mange ting i messing som kan malast.

Dette vert moro! Eg skal leggje inn bilete frå kvelden. Trur det kan verta mykje artig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar