mandag 21. februar 2011

"KJEKT Å HA..."

På bruktbutikken vår, kjem det dagleg inn "nye" gamle/brukte varer. Her er eit stort utval av ting som verkeleg kunne vore "kjekt å ha". Heldigvis kjem det og mange kundar som kjøper noko av dette. Ja, salet går faktisk veldig bra. Det er spennande og meiningsfullt å vera med på dette!

Vi har fått eit restlager av flotte, kvalitetsbunadssko.
Her er både dame og herre sko i ulike nummer.
Dette skatollet er i heil eik og det er mange små rom bak dørene.
Ein koseleg øyrelappstol.
Denne flotte,  gamle kaffiduken er i lin.Den har innfelt heimehekla border og brei kant rundt heile duken.

mandag 14. februar 2011

På utstilling!

For nokre dagar sidan var eg innom Galleri Utsyn på Knarvik sjukeheim. Der var det mykje fint å sjå.Eg vart no mest opptatt av dei tova arbeida til Karianne Kvammen. Ho lagar veldig fine bilete/småteppe som ho monterer på m.a. båttofter og ulike fjøler. Artig!! Gler meg til å sjå meir arbeid frå henne.
Her er ein liten smakebit:

søndag 13. februar 2011

Siste nytt på tovefronten!

Etter jul har eg ikkje tova så mykje som eg hadde hatt lyst til. Men litt har det no vorte likevel. Eg har hatt liggjande ull frå Shetland og Orknøyane sidan eg var der i 2006 og 2008. Endeleg har det vorte bilete av det!! Spennande å sjå korleis det vart. Her er resultatet:

Dette biletet er tova av ull frå Shetland og Orknøyane.
Dette biletet er tova av Shetlandsull
Dette veggteppet er laga i merinoull og ein del silke.
Heilt til slutt kjem eit lite vårteikn, for no ventar eg verkeleg på at våren skal koma med sol, varme og blomar!!


fredag 4. februar 2011

På bruktbutikken!

I dag har eg vore på bruktbutikken der eg jobbar dugnad. Har rydda i mange innkomne kassar med brukte ting. Mandag kjem prisnemnda og set pris på varene og set dei inn i butikken.
Her kjem nokre glimt frå ting som er til sals i butikken nett no.