torsdag 19. mai 2011

AKVARELLMALING!

Forrige veke var eg på akvarellkurs med Elin Alver. Ho er ein dyktig kunstnar som bur her i Knarvik og som er medlem i kunstlaget vårt i Nordhordland. Ho lagar flotte akvarellar der ho maler med sterke fargar tatt rett frå tuben, blandar med litt vatn og let det renna saman . Styrer prosessen ved å venda og snu på arket og fylle på med meir farge. Resultatet vert flott og spennande. Detaljane er ikkje viktig. Det er stemningen og lyset i biletet som er viktig.
Her let ho det renne slik at fargane blandar seg.
Då eg kom heimatt om ettermiddagen såg eg mange flotte "akvarellar" på himmelen.
Litt dyster stemning her.
Her er noko av det eg prøvde meg på. Eg er så glad i blå-grøne fargar.
Det må nok mykje øving til før eg vert fornøgd med mine produkt.
Men eg har lyst å mala meir på denne måten. Veldig moro og spennande.
Dei tunge skyene som var tidlegare på dagen for av garde med vinden, så då var det herleg med ein tur i skogen etter all malinga. Denne stien startar rett utanfor stovedøra mi.
Her har eg kome ned att til Lonene.
Ein flott dag med mange gode inntrykk både frå maling og naturen!

2 kommentarer:

  1. Hei Ingvild!

    Fine malerier!Utrolig at det kan bli sånn med en "uforutsigbar" teknikk!
    Fin natur på Knarvik!
    Det går bra framover med meg1
    Ha ei god helg1

    Hilsen Torbjørg

    SvarSlett