![]() |
| Myrull i vinden. |
![]() |
| Stemorsblost. |
![]() |
| Tre i blomst og vind |
![]() |
![]() |
| Myrull i vinden. |
![]() |
| Stemorsblost. |
![]() |
| Tre i blomst og vind |
![]() |

![]() |
| Då det var ferdig målte det ca 150 cm. |
![]() |
| Fornøgd med resultatet. Vi brukte nokre timar på arbeidet. Det var godt med hjelp av Åslaug. Ho er så flink. Skulle budd litt nærare,så skulle vi ha samarbeidd meir!! |
| Vi har nett fått inn denne flotte Singer-maskina. Den er elektrisk og det fylgjer med ein fin kasse til oppbevaring. |
| Her ser vi ein jærstol med armlener. Attmed står ein smijernslampe. |
| Dette fine eikeskapet er fullt av gamle koppar, fat og mugger. Muggene som står oppå skapet er frå serviset Turi frå Figgjo Fajanse. Vi har og fleire delar til dette settet |
| Ulike fat/brikker og lysestakar i m.a. sølvplett |
| Vi har også fått inn to enkle jærstolar. Dei er i god stand. Denne sommaren har vi for første gong ope heile juli. Opningstidene er som vanleg og vi håpar at mange kjem innom!! |
| Eit landskapsbilete tova av ull eg kjøpte på Orknøyane for nokre år sidan. |
| Detalj. Eg har brodert litt i framgrunnen på dette biletet. |
| Flott bokskap |
| Nydelege fat og gamle koppar. |
| Ein del av varene vert seld på "billeg-sal" også denne veka. Andre varer går til vanleg pris. Velkomen innom! |
| I dag har systra mi og eg gått "nedre vegen om Skår". Her er vi på veg ned "Kjerringa-kleiva" |
| Vi gjekk ned "Gunnarvegen" mot Totlandsvika. |
| Denne vegen gjekk vi alltid når vi skulle på butikken på Neset. Nett her likte ikkje mor at vi gjekk. Vi burde helst gå ein omveg gjennom hagen til hyttefolka som budde rett ovanfor. |
| Her ligg nausta til Totlandsfolket på rekkje og rad i frodig sommareng. Nedanfor har vi nett gått over bøen hjå "Jonsa-Larsen" og så gjennom grinda inn til "Sellevoll-Larsen". |
| Jammen fann vi merke i muren der vi batt hestane fast. Vi vart litt nostalgiske av oss og minna frå "gamle dagar" var mange. |
![]() |
| Flott salong. Nesten som ny!! |
![]() |
| Vi har veldig mykje fine kjørl og pyntegjenstandar. |
![]() |
| Ein koseleg og godt brukt ryggsekk. |
![]() |
| Nydelege koppar! |
![]() |
| Mykje fin messing . Alle bilete går til halv pris. Her er både malte og broderte bilete. |
![]() |
| Fine skåler og glasfat ialle fasongar og storleikar. |
![]() |
| Sjarmerande "gyngesau" og 100 år gamal kiste. |
![]() |
| "Kom og kjøp oss då, vel..." |
![]() |
| Det går ein fin grusveg rundt heile dette området. |
![]() |
| Denne flotte naturen finn eg 5-10 minuttar frå huset mitt. |
![]() |
| Irrgrøne grastustar lyser opp i kveldssola. Nydeleg!! |