onsdag 13. juli 2011

MEIR FRÅ NMS GJENBRUK I KNARVIK

Vi har nett fått inn denne flotte Singer-maskina.  Den er elektrisk og det fylgjer med ein fin kasse til oppbevaring.

Her ser vi ein jærstol med armlener. Attmed står ein smijernslampe.
Dette fine eikeskapet er fullt av gamle koppar, fat og mugger.
Muggene som står oppå skapet er frå serviset Turi frå Figgjo Fajanse. Vi har og fleire delar til dette settet


Ulike fat/brikker og lysestakar i m.a. sølvplett
Vi har også fått inn to enkle jærstolar. Dei er i god stand.

Denne sommaren har vi for første gong ope heile juli. Opningstidene er som vanleg og vi håpar at mange kjem innom!!

1 kommentar: