søndag 29. april 2012

Tre i ull.


 Siste veka har eg tova ein del. Det er tre som er motivet på alle bilda her.
Bildet ovanfor er tova i ein blanding av merinoull og m.a. ull frå Island. Utan ramme måler det 
46 cm x 29 cm.


I dette bildet har eg berre brukt merinoull. Blomane og blada er silke og div. trådrestar som eg har klipt opp og spreidd utover. Mål er 40 cm x 40 cm.


Her har eg brukt same framgangsmåte som på forrige bilde. Mål 29 cm x 29 cm.
Spennande å sjå kor dei tar seg ut med passep. og fin ramme.

onsdag 18. april 2012

Tovekurs i Hillesvågen 13-14.april

 Sist helg hadde eg tovekurs med ti damer i Hillesvågen.
Temaet var "Bilde i merinoull"
Alle måtte starta med å laga eit landskapsbilde med tre på. Alle fekk same instruksjonen, men trea vart svært ulike, nett som ute i naturen!
 Fargevalet vart også ulikt.
Eg har tatt alle desse trebilda i ein tidleg fase i prosessen.

 Dette koselege bildet vart tova av vesle Malin på 8 år, som var med mora si på kurset. Nedanfor detalj frå mora sitt bilde. I tillegg til merinoull, brukte vi silke og ulike garn/trådrestar som effektar. Fint!

                                                                  "Himmel og hav".
                                                                  " Skodde på fjellet".
                                                              "Min båt er så liten"

Skulle tatt fleire bilde av dei ferdige produkta, men så vart bildekortet i fotoapparatet tomt..
Eit triveleg kurs med ivrige elevar!

søndag 1. april 2012

Ei ullen helg!


Denne helga har sau og ull stått i sentrum for ein stor konferanse på Strilatun på Seim.
"North Atlantic Native Sheep and Wool Conferance" er det lange namnet på denne samlinga som samla deltakarar frå ti land. Eg var med å jobba litt dugnad for Nordhordland Husflidslag og fekk dermed vera med på litt av dette flotte arrangementet, som Karin Flatøy Svarstad stod i spissen for.


Her var foredrag, turar til Hillesvåg Ullvarefabrikk og Lyngheisenteret m.a.
I Strilatun var det og ein flott utstilling "Wool around the Northatlantic Sea".
Her var utstillarar frå alle landa. Ovanfor strikka teppe frå Shetland


Over og under ser vi vevnader frå Nordhordland. Over er det Svanhild Tofting som har vevd bakstykke til ein sauefell. Under nokre av åkla til Anna Fammestad.



Laurdagkveld vart "Ullprisen 2012" delt ut til Anna Fammestad for hennar store innsats med m.a. å ta vare på dei gamle åkla i Nordhordland. Her ser vi henne saman med Øyvind Myhr, sjefen for Hillesvåg Ullvarefabrikk. Eg fekk den store æra å tova eit bilde til prisvinnaren.


Anna vert 92 år til sommaren. Ho vev framleis. Eg har vore heime hjå henne mange gonger og sett korleis ho arbeider når ho skal rekonstruera eit gamalt åkle. Må berre beundra hennar store innsats og pågangsmot. Ho er ein verdig vinnar av prisen! Medaljen er også i ull, laga av Terje Simmenes.

mandag 19. mars 2012

Meir toving!


Landskap

To "turtelduer", eller kanskje rettare sagt "turtelmåsar"


Fantasi i blåtonar.
Her har eg først tova fleire lag med merinoull og så klipt mønster i dette.


Detalj. Dette er ein artig teknikk.


Blomar tova i norsk C1 ull


Detalj. Har lagt ein del trådar, garnrestar, silke, m.m. som effektar


Det er ei stund sidan eg tova dette.
No held eg på med nye bilde. Dei får eg visa ein annan gong!



torsdag 23. februar 2012

Årstidene i ull..


Etter nyttår har eg tova fire bilde. Utan at eg var bevisst på det, har eg tova eitt bilde til kvar årstid.
Vinter bilde ovanfor og nedanfor


Detaljar



"No livnar det i lundar,  no lauvast det i li.."
Våren er komen!


Detalj.



Så er det sommar! Sommarkveld på fjorden. Dette er berre ein detalj frå sommarbildet mitt Det store bildet forsvann no når eg skulle skriva tekst til og no får eg det ikkje fram att.( De som følgjer meg på face-book har sett det der)


Haust. Sauene beitar fredeleg på marka.


tirsdag 31. januar 2012

STEINMURAR



Steingardar og steinmurar har alltid fasinert meg. Spelet mellom store og små steinar, runde og flate, mosegrodde og glatte steinar er spennande å sjå på. Det er eit kunstverk rett og slett!



I dag er eg på jakt etter murar langs Sjosidevegen, bygdevegen som bind saman gardane Gjervik, Grøttveit og Nepstad og som snor seg innover parallelt med E39. Trafikken susar og durar nede på hovudvegen, men her er det fredeleg. Nydeleg ver og mange flotte motiv.
Nedanfor ei flott kjørebru på ein av løene i Gjervik. Er nok ei stund sidan denne vart mura. Her er mykje grøn mose.


Litt bak løa finn eg denne utefloren i gråstein.


Muren under stovehuset har og fin steinmur. I bakgrunnen skimtar eg Osterøy.


Litt lenger inne langs vegen finn eg restane etter eit stort gråsteinsbygg.
Det må liggja eit stort og tungt arbeid bak desse veggane.


 Murar også på nedsida av vegen. Sola skin på mosegrodde steinar. Eit flott syn!


Utsikt over Osterfjorden og litt av E39


Dette var ein fin tur i solskinet!
Her er mykje meir både å sjå og skriva om langs denne vegen, så "fortsettelse følger"(trur eg...)

torsdag 19. januar 2012

Meir toving.


I går tova eg eit meir fargerikt bilde. Her er det våren eg har drøymt meg vekk i.
Eg har berre brukt merinoull i dette bildet, men har brukt silke og ulltrådar til effektar.


Heile motivet ferdig tova.
13-14. april skal eg ha tovekurs i regi av Nordhordland husflidslag i Hillesvåg (rett ved sida av Hillesvåg ullvarefabrikk. Der skal vi laga bilde som liknar på dette.(sjå og forrige innlegg) Difor vil eg visa litt her korleis eg går fram når eg tovar slike bilde. Kanskje nokon får lyst å vera med på kurset?


Eg legg først ut eit tynt lag med merinoull til bakgrunn. Denne legg eg på eit tynt "flak" med nålefilt.


Trea lagar eg for seg sjølv på eit stykke bobleplast. Jobbar litt med det før eg legg det på bakgrunnen.


Brukar tynne "trådar" av merinoull til dette. Prøver å spreia ulla slik at det vert mange greiner-


Eg klipper opp små silkestoffbitar og bittesmå ulltrådar som eg drysser utover til blad og blomar.


Når eg har lagt heile motivet på, dynkar eg arbeidet i varmt vatn. Eg har bobleplast både under og over bildet og "knekar" på det med hendene 10-15 min. Så rullar eg det rundt ein liten trestokk (tjukt som eit kosteskaft) i frå alle kantar i ein halv times tid, eller meir til all ulla sit skikkeleg fast. Dette var i grove trekk framgangsmåten. På kurset går vi fram steg for steg.


Detalj. Kvitveis.
Ta kontakt dersom du har lyst å vera med. Eg har alt fått nokre påmeldingar, så ikkje vent lenge før du bestemmer deg. (mob.95296782)