I helga var eg i bryllup til Ingebjørg (niese) og Martin. Her utanfor Øre kyrkje saman med brudepike Kaja.
 |
Bryllupet vart feira i eit telt på tunet i prestegarden hjå foreldra til brura. Mykje jobbing torsdag og fredag. Her har vi ein matpause i solskinet. |
 |
No er vi klare til å dekka på borda til 85 gjestar. |
 |
Pynten var ei blanding av "arvegods" og gjenbruksting. Serviettane vart pynta med små, tynne serviettar frå Ingebjørg si serviettsamling frå barneåra. Så var det sjølvsagt roser og lys. |
 |
Eg var så heldig at eg fekk laga brudepikebukettane. Vi bruka markblomar. Kaja var veldig fornøgd med buketten som likna på brudebuketten (som brura laga sjølv...) |
 |
God stemning på tunet etter kvart som gjestane dukka opp utover fredagen. |
 |
Må ha med dette biletet av Kaja i den fine brudepikekjolen . |
 |
Frå middagen i teltet.
Ei kjekk helg med eit flott brudepar og mange hyggelege gjestar.
|