Denne helga har sau og ull stått i sentrum for ein stor konferanse på Strilatun på Seim.
"North Atlantic Native Sheep and Wool Conferance" er det lange namnet på denne samlinga som samla deltakarar frå ti land. Eg var med å jobba litt dugnad for Nordhordland Husflidslag og fekk dermed vera med på litt av dette flotte arrangementet, som Karin Flatøy Svarstad stod i spissen for.
Her var foredrag, turar til Hillesvåg Ullvarefabrikk og Lyngheisenteret m.a.
I Strilatun var det og ein flott utstilling "Wool around the Northatlantic Sea".
Her var utstillarar frå alle landa. Ovanfor strikka teppe frå Shetland
Over og under ser vi vevnader frå Nordhordland. Over er det Svanhild Tofting som har vevd bakstykke til ein sauefell. Under nokre av åkla til Anna Fammestad.
Laurdagkveld vart "Ullprisen 2012" delt ut til Anna Fammestad for hennar store innsats med m.a. å ta vare på dei gamle åkla i Nordhordland. Her ser vi henne saman med Øyvind Myhr, sjefen for Hillesvåg Ullvarefabrikk. Eg fekk den store æra å tova eit bilde til prisvinnaren.
Anna vert 92 år til sommaren. Ho vev framleis. Eg har vore heime hjå henne mange gonger og sett korleis ho arbeider når ho skal rekonstruera eit gamalt åkle. Må berre beundra hennar store innsats og pågangsmot. Ho er ein verdig vinnar av prisen! Medaljen er også i ull, laga av Terje Simmenes.