søndag 7. oktober 2012

Utstilling i Nordhordland kunstlag

 
Denne helga har kunstlaget vårt hatt utstilling i Karin's galleri i Gjervik. Mange har vore innom denne helga
15 kunstnarar kom med maleri og bilde i ulike teknikkar.
Ovanfor ser vi bilde laga av Veronic Røttingen, Anne Valaker og Vigdis Haukeland. Olje og akryl.
 
 
Til venstre heng akvarellar av Elin Alver. På veggen rett fram ser de mine tova bilde.
Under ein innstalasjon av Mona R. Rath
 
 
Oljemaleri av Svanhild Eknes (det store bildet).
Øvst til høgre to maleri av Ingunn Haugsvær og under to av Magna Eknes.
På hylla tre små maleri av Mette M. Træland
 
Til venstre tre akvarellar av Liv Gjerde Eikanger, tre akvarellar av Eva Sævold, to oljemaleri av Karin Mjøs, akrylmaleri av Inger Marie Nordland, to oljemaleri av Anne Valaker og eitt av Mette Træland.
 
 
To maleri av Vigdis Haukeland.
 
I tillegg har Laila Gangstad fotokort til sals.
 
Utstillinga vert også open neste helg:
Laurdag 13.okt og sundag 14.okt kl.12-18.

søndag 23. september 2012

Tur til Hebridene

 
4 - 11.sept. var eg med Sommerakademiet på tur til Hebridene.
Ein fantastisk flott tur med natur, kultur, kunst, handtverk, historie som tema.
Lyngheiane dominerte landskapet.
 
 
Her var mykje vind...
 
 
Lengst nord på Lewis ute ved Nordatlanteren ligg Butt of Ness fyr
 
 
Mektig natur!
 

 
Lyngen blømde, men var nok i siste fase.
                                                                              
 
 
 
 
Folk på Hebridene fyrer framleis med torv.
                                                                                     


 
 
Nokre av dei gamle steinhusa med halmtak.
 
 
Sauer såg vi over alt. Denne "karen" møtte eg på rett utanfor hotellet i Borve.
 
Steinar og murar såg vi mykje av. Mange fine byggverk!
 
Dette vart berre nokre få glimt. Eg vil leggja ut bilde frå all den flotte kunsten vi fekk sjå seinare.

søndag 29. april 2012

Tre i ull.


 Siste veka har eg tova ein del. Det er tre som er motivet på alle bilda her.
Bildet ovanfor er tova i ein blanding av merinoull og m.a. ull frå Island. Utan ramme måler det 
46 cm x 29 cm.


I dette bildet har eg berre brukt merinoull. Blomane og blada er silke og div. trådrestar som eg har klipt opp og spreidd utover. Mål er 40 cm x 40 cm.


Her har eg brukt same framgangsmåte som på forrige bilde. Mål 29 cm x 29 cm.
Spennande å sjå kor dei tar seg ut med passep. og fin ramme.

onsdag 18. april 2012

Tovekurs i Hillesvågen 13-14.april

 Sist helg hadde eg tovekurs med ti damer i Hillesvågen.
Temaet var "Bilde i merinoull"
Alle måtte starta med å laga eit landskapsbilde med tre på. Alle fekk same instruksjonen, men trea vart svært ulike, nett som ute i naturen!
 Fargevalet vart også ulikt.
Eg har tatt alle desse trebilda i ein tidleg fase i prosessen.

 Dette koselege bildet vart tova av vesle Malin på 8 år, som var med mora si på kurset. Nedanfor detalj frå mora sitt bilde. I tillegg til merinoull, brukte vi silke og ulike garn/trådrestar som effektar. Fint!

                                                                  "Himmel og hav".
                                                                  " Skodde på fjellet".
                                                              "Min båt er så liten"

Skulle tatt fleire bilde av dei ferdige produkta, men så vart bildekortet i fotoapparatet tomt..
Eit triveleg kurs med ivrige elevar!

søndag 1. april 2012

Ei ullen helg!


Denne helga har sau og ull stått i sentrum for ein stor konferanse på Strilatun på Seim.
"North Atlantic Native Sheep and Wool Conferance" er det lange namnet på denne samlinga som samla deltakarar frå ti land. Eg var med å jobba litt dugnad for Nordhordland Husflidslag og fekk dermed vera med på litt av dette flotte arrangementet, som Karin Flatøy Svarstad stod i spissen for.


Her var foredrag, turar til Hillesvåg Ullvarefabrikk og Lyngheisenteret m.a.
I Strilatun var det og ein flott utstilling "Wool around the Northatlantic Sea".
Her var utstillarar frå alle landa. Ovanfor strikka teppe frå Shetland


Over og under ser vi vevnader frå Nordhordland. Over er det Svanhild Tofting som har vevd bakstykke til ein sauefell. Under nokre av åkla til Anna Fammestad.



Laurdagkveld vart "Ullprisen 2012" delt ut til Anna Fammestad for hennar store innsats med m.a. å ta vare på dei gamle åkla i Nordhordland. Her ser vi henne saman med Øyvind Myhr, sjefen for Hillesvåg Ullvarefabrikk. Eg fekk den store æra å tova eit bilde til prisvinnaren.


Anna vert 92 år til sommaren. Ho vev framleis. Eg har vore heime hjå henne mange gonger og sett korleis ho arbeider når ho skal rekonstruera eit gamalt åkle. Må berre beundra hennar store innsats og pågangsmot. Ho er ein verdig vinnar av prisen! Medaljen er også i ull, laga av Terje Simmenes.

mandag 19. mars 2012

Meir toving!


Landskap

To "turtelduer", eller kanskje rettare sagt "turtelmåsar"


Fantasi i blåtonar.
Her har eg først tova fleire lag med merinoull og så klipt mønster i dette.


Detalj. Dette er ein artig teknikk.


Blomar tova i norsk C1 ull


Detalj. Har lagt ein del trådar, garnrestar, silke, m.m. som effektar


Det er ei stund sidan eg tova dette.
No held eg på med nye bilde. Dei får eg visa ein annan gong!



torsdag 23. februar 2012

Årstidene i ull..


Etter nyttår har eg tova fire bilde. Utan at eg var bevisst på det, har eg tova eitt bilde til kvar årstid.
Vinter bilde ovanfor og nedanfor


Detaljar



"No livnar det i lundar,  no lauvast det i li.."
Våren er komen!


Detalj.



Så er det sommar! Sommarkveld på fjorden. Dette er berre ein detalj frå sommarbildet mitt Det store bildet forsvann no når eg skulle skriva tekst til og no får eg det ikkje fram att.( De som følgjer meg på face-book har sett det der)


Haust. Sauene beitar fredeleg på marka.