torsdag 3. november 2011

MESSETID

Haust-tid er og messe-tid for mange av oss. Eg har det alltid travelt på denne tida av året med diverse handarbeid som eg skal selja på messer. I år vert det berre Misjonsmessa på meg no laurdag 5.nov. Men laurdagen etterpå skal eg vera i Husflidens hus i Hillesvåg med ein del tova arbeid. Her er det kafe og det er anledning til å kjøpa ting som medlemer i Nordhordland Husflidslag lagar.
Desse fiskane og lauva ovanfor er tova i norsk C1-ull. Har lagt ut 5-6 lag med ull i ulike fargar og tova det skikkeleg fast. Når det er tørt klipper eg mønsteret ut. Spennande å sjå kva fargar som dukkar opp når eg klipper.
Lauva og fiskane passar til å ha under varme fat og gryter, men kan og hengja til pynt på veggen.
Desse korta har eg laga av restar frå ulike tova bilete o.l. Har limt det på litt stivt akvarellpapir.
Detalj. Mange små og store bitar vert sett saman. Eg kosar meg med slik "småputl"
Englar høyrer sjølvsagt med på ei messe. Desse er knytta saman, ikkje tova. Her ligg dei på bordet, men desse skal hengja i eit vindauge eller på juletreet. Her er det berre brukt merinoull.
Nokre tova bilete må eg og ha med på messa. Desse er tova i merinoull.
Eit av lauva som eg laga, vart for tynt i toppen, så då vart det til eit hjarte i staden. Det limte eg rundt ein IKEA-speil.

Ja, no har eg vist litt av arbeidet mitt. Det er mange andre og som lagar ting til "vår" messe.
Håpar mange møter opp laurdag!!